Polikken - Valprogram 2023–2027

Valprogram 2023–2027 for Luster Arbeidarparti

Valprogrammet 2023-2027 - fullstendig - trykksak

Fellesskap

Politikken til Arbeidarpartiet er tufta på solidaritet. Gode velferdstilbod og godt nærmiljø for alle er viktigare enn skattelette til dei rike. 

Politikk er prioriteringar, også i Luster. Det er viktig å sjå samanhengen mellom nasjonal politikk, prioriteringar av skattelette eller velferd, og kva lokalpolitikken betyr i kvardagen din.

Luster Arbeidarparti vil jobba hardt for at Luster også i framtida skal vera ein sjølvstendig og sterk kommune. 

Det viktigaste 2023–2027

Luster Arbeidarparti vil 

  • legga til rette for møteplassar i alle livsfasar

  • rekruttera ny arbeidskraft til kommunen og legge til rette for at eksisterande og nye ynskjer å bli verande

  • auka bulysta - hindre fråflytting og auke tilflytting

  • redusera klimautslepp

  • kjempa imot barnefattigdom i Luster 

  • sikra eit godt tilbod med god kvalitet og tilgang i barnehage, skule og helse- og omsorgstenesta for alle innbyggarar i Luster kommune 

  • alltid prioritera velferdstilboda til borna, ungdomane og dei eldre 

  • satsa meir på førebyggjande arbeid. Det skal vera ein raud tråd for å sikra gode oppvekstvilkår for born og unge. Mange i alle aldersgrupper har redusert livskvalitet på grunn av sviktande helse, rusproblem og psykiske problem. Det er både godt for den einskilde og god samfunnsøkonomi å satsa på førebyggjande tiltak i staden for å reparera.

  • styrka arbeidsgjevarpolitikken til kommunen. Luster kommune er ein stor arbeidsgjevar med over 600 tilsette. Politikarane må engasjera seg sterkare som overordna arbeidsgjevar. Samhandling med organisasjonane er svært viktig for å utvikla både kommunen som arbeidsplass og dei viktige tenestetilboda kommunen har ansvar for. 

  • sørgja for at kommunen til ei kvar tid tilbyr ledige tomter og bustadar til ulike behov kringom i kommunen. 

Barnefattigdom

Det er over 100 000 barn i Noreg som veks opp i familiar med låg inntekt. Barna kan ikkje delta på aktivitetar ilag med andre som ikkje er gratis, og det er utfordrande å oppretthalda same levestandard som  andre barnefamiliar i nærområdet har. 

Desse barna bur og lever i bygdene våre. Luster Arbeidarparti vil jobba for at dei skal kunna delta på arrangement og aktivitetar på lik linje med andre. Fattigdommen skal ikkje gå i arv. Ingen born skal måtte gå svoltne og kalde i Luster kommune

Luster Arbeidarparti vil

  • støtta opp arbeidet for meir openheit og kunnskap om barnefattigdom i heile samfunnet. 

  • fjerne tabu og skam rundt barnefattigdom,.styrke kompetansen om kjenneteikn på psykisk uhelse, rus, overgrep og vald i nære relasjonar hos tilsette i oppvekstsektoren 

  •  hjelpa frivillige lag og organisasjonar å søkje om “Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom” og liknande tilskot

  •  gjera aktivitetar i barnehage, skule og fritid tilgjengelege for alle barn og ungdom uavhengig av økonomi

  • framsnakka hjelpeportalen “Saman om barn og unge i Luster” (SABU-treet) 

  • gje økonomisk stønad til Frivilligsentralen i Luster 

Barn og unge

Luster Arbeidarparti vil dei neste fire åra prioritera førebyggjande tiltak som gir trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Ein god start i livet er svært viktig for eit godt vaksenliv. Det er også viktig å gje barn og unge styrke til å stå imot gruppepress og gje dei tryggleik til å ta eigne val. Heimen er den viktigaste staden for tryggleik og utvikling, og vi skal framleis ha høg kvalitet i barnehage og skule, i tillegg til samt gode og varierte fritidstilbod. 

Luster Arbeidarparti vil

  • sikra barn og unge gratis tilgang til Lustrabadet og fri bruk av heisane på Sogn Skisenter i skuleferiane

  • støtta opp om satsinga på eit motorsportssenter ved Leirmoøygarden

  • styrkja rusfrie møteplassar for ungdommane 

  • nytta UngData og andre årlege spørjegranskingar med vekt på fritidsaktivitetar, nettspel og rus som eit førebyggjande tiltak

  • gje barn og unge rabatt ved bruk av treningssenter, Lustrabadet, Sogn Skisenter og tilsvarande

Oppvekst og opplæring

Me vil halda på ein god, skule- og barnehagestruktur i Luster. Skule og barnehage skal ha nok tid og ressursar til å levera høg kvalitet og gode opplæringsresultat. Dei tilsette i kommunen gjer ein god jobb, og dei må sikrast tilstrekkeleg kompetanseheving og gode arbeidsvilkår. Tidleg innsats er viktig, og me vil auka vaksentettleiken frå null til ti år. 

Læring og meistring i ung alder er viktig for eit godt vaksenliv. Alle elevane skal ha like føresetnadar for og sjanse til å følgja med i samfunnsutviklinga. Skulen er den viktigaste arenaen for utjamning av sosial, kulturell og økonomisk ulikskap. Luster Arbeidarparti vil stø opp om ein felles standard for lekser, og særleg om leksemedvitne skular.

Fysisk aktivitet heng nært saman med psykisk og fysisk helse, og me vil leggja til rette for varierte aktivitetstilbod. Me vil samarbeida nært med aktørar innan folkehelse og førebygging.

Luster Arbeidarparti vil

  • gje lærarar og barnehagelærarar tid til å vera pedagogar ved å auka grunnbemanninga i aldersgruppa 0-10 år

  • førebygga psykisk sjukdom ved å sikra kvar elev ein vaksen å snakka med når dei treng det (helsesjukepleiar/ miljørettleiar/ ungdomslos av begge kjønn)

  • sikra løpande opptak i barnehagen frå 1.februar til 1.juli når ledig kapasitet

  • utvida opningstida i barnehagen om morgonen og/eller ettermiddagen ved å auka grunnbemanninga 

  • erstatta Gamlestova barnehage med ny barnehage i Hafslo sentrum 

  • gje økonomisk støtte til aktuelle vidaregåande skular til eigen miljøkoordinator som gir tryggleik, praktisk hjelp og støtte til våre hybelungdomar

  • tilby og arrangera kurs for å gje føresette kompetanse om eit sunt, variert kosthald i skule og barnehage

  • leggja til rette for at det alltid er minimum 30 lærlingar i kommunen

  • stø opp økonomisk om ulike aktivitetsparkar, rusfrie arrangement og andre sosiale møteplassar for barn og unge

  • sikra fysisk trygge oppvekstvilkår med gang- og sykkelvegar og fartsreduserande tiltak rundt skule og barnehage

  • sikra at Luster kommune er langt framme på IKT i skule og barnehage

  • elevane i Luster skal ha like godt tilbod innan symjeopplæring

  • vurdera prisreduksjon for barnehage og SFO. Eventuelt søskenmoderasjon mellom barnehage og SFO

Kultur, idrett og friluftsliv

Eit variert og innhaldsrikt kulturtilbod er viktig for helse, trivsel og livskvalitet. Dugnadsånd og frivillig arbeid er avgjerande for gode fritidsaktivitetar.   

Gode og breie tilbod innan kultur, idrett og friluftsliv må vere tilgjengelege i heile kommunen. Fysisk aktivitet er viktig livet gjennom og skal vera prega av glede, fellesskap og helse. Tilboda skal vera opne og inkluderande. 

Luster Arbeidarparti vil

  • sikra drift og utvikling av Lustrabadet og Sogn Skisenter som viktige felles anlegg

  • sikra at alle bygdene har gode tilbod innan barne- og breiddeidrett, inkludert badetilboda i Fjordstova og Jostedal samfunnshus

  • vidareføra dagens gratisprinsipp for lag og organisasjonar ved bruk av kommunale bygg

  • utvikla den interkommunale kulturskulen ved å overta vertskommuneansvaret, alternativt starta eigen kommunal kulturskule

  • ha gode tilskotsordningane for lag og organisasjonar, med særleg vekt på aktivitetar for barn og unge  

  • jobba for realisering av kulturhus/fleirbrukshus i Gaupne og fleirbrukshall/aktivitetsanlegg på Hafslo.

  • vurdera å oppretta stilling som kulturkonsulent i samhandling/spleiselag med lag og organisasjonar. 

  • satsa på kortreist friluftsliv som omfattar stimerking, stirydding, tilrettelegging for turar i nærområdet, tilgang til fjorden, kvilebenkar m.m.

  • jobba for meirope bibliotek, at innbyggjarane kan bruka biblioteket utanom den ordinære opningstida. – 

Arbeidsgjevarrolla

Politikarane må styrka rolla dei har som overordna arbeidsgjevar for dei 600 tilsette i kommunen. God samhandling med organisasjonane, god og rettferdig personalpolitikk og velfungerande og inkluderande arbeidsliv er avgjerande for utviklinga av gode velferdstilbod. Dei tilsette sit på viktig kompetanse som me i større grad må nytta i utforminga av politikken, m.a. i omstillingsarbeid.

Ein må setja i verk gode tiltak for å halde på eksisterande medarbeidarar.

Nasjonale analysar har lenge synt  eit stort rekrutteringsbehov for arbeidstakarar innan helse, omsorg og oppvekst.

Luster Arbeidarparti vil

  • ha eigne rekrutteringsprogram for å skaffe nok arbeidstakarar til kommunen.

  • Setja i verk gode tiltak for å halda på eksisterande medarbeidarar. Og tilby konkurransedyktige lønsvilkår for stillingar i Luster kommune

  • styrka tillitsvaldsrolla og invitera tillitsvalde til ulike temasamlingar ilag med politikarane i kommunestyret

  • styrka den unike trepartsmodellen tillitsvald – politisk nivå – arbeidsgjevar 

  • etablera gode, dynamiske møteplassar mellom tillitsvalde og leiinga for å utvikla medråderett i praksis

  • sikra  rett til heile stillingar i alle stillingskategoriar

  • følgja opp prosjekt for auka grunnbemanning og prioritere og iverksette dette for alle avdelingar.

  • ha eit vikarbyrå i eigen regi, med faste tilsette, som kan brukast i heile kommunen

  • lysa ut alle stillingar i Luster kommune eksternt 

  • hjelpa nytilsette som flyttar til kommunen, med å finna husvære

  • få tilbake retten til mammografipermisjon med løn 

  • få tilbake tilskot til fysisk aktivitet for tilsette i kommunen

  • at kommunen sjølv skal utføra og utvikla kompetanse på kommunale oppgåver innan helse og oppvekst

  • at kommunen skal vera ei føregangsbedrift ved å leggja til rette for arbeidspraksis for menneske som har falle utanfor arbeidslivet, t.d. uføretrygda, arbeidsavklaringspengar, sosial stønad. Arbeid aukar livskvalitet.

  • seia nei til konkurranseutsetting og privatisering av offentlege tenester

Næringsliv

Trygge og attraktive arbeidsplassar er avgjerande for framleis positiv utvikling for Luster kommune. Luster skal vera ein aktiv utviklingsaktør og leggja til rette for dei som driv og vil driva næring her. Me vil bruka næringsfondet aktivt til å vidareutvikla og etablera nye arbeidsplassar. Kommunen må stimulera til vekst innan tradisjonelle næringar, nyskapande tiltak og innovasjon. Det er viktig å arbeida endå nærare med nabokommunane for å utvikla sogneregionen som ein felles arbeidsmarknad. 

Luster Arbeidarparti vil

  • ha fleire lærlingplassar i Luster og vidareføra støtta til sysselsetjingstilbod for ungdom

  • aktivt støtta opp om småbedrifter og sjølvstendig næringsdrivande i kommunen i næringsarbeidet

  • laga møteplassar og ordningar for å ta vare på både store og små verksemder i kommunen

  • styrka næringsapparatet lokalt i Luster, og utgreia om kommunen bør bli ein del av Sogn Næring

  • bidra til at Sogndal vidaregåande skule har eit opplæringstilbod som er tilpassa behova i Luster og dei andre kommunane i regionen 

  • arbeida for fleire arbeidsplassar både i kommunen og i heile indre Sogn

  • prioritera nyskapingar, unge etablerarar og gründerverksemder

  • arbeida for sysselsetjingstilbod på sosialt grunnlag

  • krevja at interkommunale, regionale og statlege arbeidsplassar vert plasserte i Luster kommune

  • vera ein aktiv eigar av interkommunale selskap og vertskommunesamarbeid som me er involvert i.

  • støtta opp om næringsutvikling i samband med verneområda i kommunen

  • regulera og leggja til rette både nye og eksisterande areal for næringsaktivitet der næringslivet ønskjer dette, for eksempel «Røvagardane» ved Osen på Hafslo og Hausamoen ved Leirdøla kraftverk.

  • støtta opp om eksisterande og jobba for nye kontorfellesskap i heile kommunen

Reiseliv

Det er viktig å vidareutvikla Luster som reisemål for å gje lønsame bedrifter, fornøgde gjestar og eit godt lokalsamfunn – på kort og lang sikt. Reiselivet er ei viktig distriktsnæring som må ha gode vilkår. Reiselivsnæringa er viktig for å sikra levande bygder og kulturlandskap, sysselsetting og lokalt næringsliv. Me må difor styrka reiselivssatsinga og -næringa i Luster markant.

Luster Arbeidarparti vil

  • følgja opp handlingsplanane i Masterplan for reiselivet i Sogn

  • støtta tiltak som aukar tilgang til kapital til næringa 

  • støtta utvikling av ei heilårs, berekraftig reiselivsnæring

  • sikra at Luster kommune har særleg god kontakt med næringsaktørar i reiselivet og tek ansvar for å vidareutvikla Luster som turistmål 

  • støtta tiltak som gir auka verdiskaping og auke i tal gjestedøgn 

  • føra ein politikk som tek omsyn til verdsarvstatusen til Urnes stavkyrkje

  • støtta opp om Wittgenstein i Skjolden som eit internasjonalt reisemål

Landbruk

Luster er ein stor landbrukskommune. Det er viktig å halda oppe drifta på gardsbruka for å sikra busetnad, lokal matproduksjon og for å halda kulturlandskapet i hevd. Me ynskjer at dei store naturressursane i Luster skal gje auka verdiskaping og livskraft i bygdene.

Nytenking og innovasjon er viktig for å sikra gode inntekter til gardane i framtida, og me vil støtta utvikling av tilleggsnæringar i landbruket. 

Luster Arbeidarparti vil

  • tillata frådeling av større fritidseigedomar til grunneigarar, mot at resten av landbrukseigedomen vert lagt ut for sal

  • halda på målretta støtteordningar i landbruket som bidrar til å nå klimamåla

  • stimulera til berekraftig utnytting av utmarksressursane

  • leggja til rette for tilleggsnæringar ved å leggja ut fleire hyttetomter og spreidde næringsområde i ny arealplan

  • arbeida for støtte til beitedyr for å halda på kulturlandskapet, spesielt innanfor verneområda

  • stimulera til at fleire kan få overta gardsbruk og stramma inn praksisen med lange dispensasjonar ved eigarskifte 

  • ikkje tillata ynglande jerv, bjørn eller ulv i regionen, samt ta ut skadedyr raskt

  • at frukt og bær framleis skal vera eit satsingsområde for Luster

  • støtta opp om Lustramat og satsa på kortreist og lokal mat

  • oppretthalda rentefrie lån til utbyggingar på gardsbruk 

  • jobba for  at landbruket i Luster blir tilpassa klimaendringane

Helse, omsorg og beredskap

Tilgang til gode og stabile helse - og omsorgstenester er viktig for alle i Luster kommune. Luster Arbeidarparti vil at alle innbyggarane i Luster skal kunne leve gode og aktive liv, ha tilgang til rask helsehjelp, og gode individuelt tilpassa omsorgstenester. 

Luster har i dag gode og velfungerande tilbod innan legetenester, rus og psykiatri, omsorgstenester og andre helsetenester. Rekruttering av personell innan helse – og omsorgstenester er utfordrande, dette vil utfordre oss endå meir i åra som kjem. Rett og nok kompetanse må stå høgt oppe på prioriteringslista framover.

 

Innan nokre av tenestene møter ein brukarar med behov for livslange og koordinerte tenester. Dette er sårbare grupper som me som fellesskap må ta godt vare på. Tenestene til desse brukargruppene må bere preg av kontinuitet, og livsløpsperspektivet må syne att i alt ein gjer. 

Helsefremming og førebygging er viktige prinsipp innan alle kommunale tenester, og dette skal vise att i alt kommunen føretek seg. 

God ambulanseteneste, og godt fungerande brannvern er viktig for Luster sin beredskap. Det same gjeld lag og organisjonar som jobbar med søk, redning, og anna beredskap. 

Luster Arbeidarparti vil

  • ha eit godt og framtidsretta legevakttilbod, og jobbe for framleis god fastlegedekning. 

  • støtta utviklinga av nytt helsesenter/helsehus i Gaupne, der helse, ambulanse, og omsorgstenestene, får framtidsretta lokalar samlokalisert med Gaupne omsorgssenter med høve til tilpassing for framtidige behov.

  • syta for god dialog med helseføretaket, og gode vilkår for ambulansestasjonen I Gaupne.

  • satsa på ein framtidsretta eldreomsorg, der ein ved hjelp av velferdsteknologi er med på å auke tryggleiken, styrke sosial deltaking og auke mobiliteten for brukarane som treng dette.Tilsette dedikert koordinator for velferdsteknologi.

  • fortsetta styrking av heimetenestene for å møte morgondagens behov. 

  • ha nok bustader med heildøgns - bemanning og sikre at me kan tilby bustad og tenester på det nivået som pasientar og brukarar treng, ha tilgjenge alle tilbod i omsorgstrappa til ei kvar tid. 

  • jobbe for at innbyggarane skal få ein verdig avslutning på livet. 

  • sikra fagleg forsvarleg bemanning i tenestene, og sjå på hensiktsmessig oppgåvedeling der det kan vere utfordrande med kompetanse.

  • jobba for å få tilsett klinisk ernæringsfysiolog i fast stilling

  • jobba for at «Møteplass» blir etablert i Sogn

  • organisera lokal skyssordning til omsorgssentera.

  • fortsetta satsing på rus og psykiatritenesta i kommunen.

  • vera aktiv eigar av Sogn brann og redning der ein har godt og rett utstyr, nok mannskap, god opplæring og gode arbeidstilhøve ved brannstasjonane.

  • sikra at ektefelle eller sambuarar kan få bu i lag, om dei ønskjer det, når begge partar er avhengige av heildøgns omsorgstenester.

  • tilrettelegga for at ein kan vere aktiv heile livet, med særleg fokus på ein aktiv alderdom.

  • sikra at Luster kommune som tenesteytar føl nasjonale anbefalingar for kosthald og ernæring. 

  • styrka generasjonsmøteplassar som t.d. Lustrabadet og Sogn skisenter.

  • støtta opp om vidare utvikling av Grandmo busenter som ein viktig kompetansearbeidsplass.

Klima og miljø

Det er mange kriser i verda, men den største av dei alle er klimakrisa. Om ikkje vi løyser klimakrisa vil ikkje verda bli slik vi kjenner den i dag, men direkte uleveleg nokre stader, og med stor menneskeleg liding. Det vil føre til stor migrasjon og sosial uro. Krisene vert mange om vi ikkje løyser denne utfordringa.

Denne krisa er som mange andre kriser ein sjanse til omstilling og å skape ei betre verd. Vi veit alle kva som må til, og alle deler av løysinga er til vårt beste. Mindre ureining og utslepp, sunnare mat, betre tid og kanskje eit rolegare tilvære.

I solidaritet med våre etterkomarar og ofra vi allereie i dag finn i utviklingsland, vil Luster Arbeidarparti at kommunen vår skal ta sin del av utsleppsreduksjonen. Norge skal halvere utsleppa innan 2030. Luster skal gjera det same.

Vi har og ei naturkrise. Vi må ta vare på og forvalta det rike biomangfaldet klokt for ettertida.

Det hastar og vi har ikkje tid til å vente lengre. Løysingane er klare, og det handlar om vilje til gjennomføring. Vi vil jobbe systematisk mot alle utsleppa gitt i klimarekneskapet til Luster, men transport og landbruk gir mest utslepp og må prioriterast. Som forbrukarar kan vi gjere mykje med å få redusert forbruket vårt og legge om kostholdet frå raudt kjøt til eit meir plantebaset kosthald slik vi hadde for nokre tiår sidan.

Luster Arbeidarparti vil:

  • redusera utsleppa til kommunen gitt i klimarekneskapet i eit tempo som sikrar halvering innan 2030. Klimarekneskapet til Luster skal ha årleg oppdatering.

  • støtta teknologiske investeringar som reduserer utsleppa frå landbruket og andre næringar. Redusere utsleppa frå landbruket og andre næringar ved å gje mest støtte til klimavennlege driftsformer, og bl.a. følgje betre opp gjødsel- og avfallshandtering.

  • hjelpa næringslivet og landbruket til å sjå nye mogelegheiter til berekraftig satsing.

  • skapa eit kollektivtilbod ein kan bruke til pendling til Sogndal og Leikanger

  • prioritera ny, energieffektiv teknologi i vedlikehald, drift, investeringar og nybygg

  • vurdera subsidiering av klimatiltak i eigen heim

  • støtta etablering av gjenbruksstasjonar rundt om i kommunen

  • auka og skjerma villreinstammen

  • stilla miljøkrav i alle offentlege innkjøp

  • styrka den kommunale beredskapen generelt og spesielt ved alvorlege naturhendingar

  • arbeida for landstraum til cruiseskip

Tilflytting og folketalsvekst

Det skal vera attraktivt å busetja seg i Luster kommune. Me må auka tilflytting og hindra fråflytting. Me skal marknadsføra moglegheitene for ei aktiv og meiningsfylt fritid betre.

 

Me må arbeida meir for å styrka Luster, Sogndal og Leikanger som felles bu- og arbeidsområde. Det å ha ein stad å bu er grunnleggande for å ha eit godt liv. Alle skal ha sjansen til å skaffa seg eigen bustad. 

Me er garantisten for tilrettelegging for bygging av sentrumsnære leilegheiter på Hafslo, og at det vert byggjeklare einebustadtomter i kommunesenteret også i framtida. 

Luster Arbeidarparti vil

  • til ei kvar tid ha ledige bustadtomter til attraktive tomteprisar over heile kommunen.

  • sikra heilskapleg vidareutvikling av Hafslo som tettstad, særleg sentrum med bilagstomta. 

  • fylgja nøye opp prioriteringa av nye bustadfelt og langsiktig planlegging av desse hjå planavdelinga i kommunen for å hindra utbyggingsstopp 

  • skapa attraktive bumiljø ved å utvikla kommunesenteret og bygdelaga i kommunen

  • gjennomføra og vidareutvikle vedtekne planar for sentrumsopprusting

  • gje støtte til aktivitetar og fleire sosiale møteplassar rundt om i Luster

  • bidra til å fornya noko av den kommunale bustadmassen tilpassa dagens behov

  • stimulera til bygging av ulike typar bustadar i heile kommunen.

  • byggja kommunale utleigebustadar fleire stadar i heile kommunen og fornye bustad

  • sikra at tilgang til barnehage ikkje vert til hinder for rekruttering og tilflytting

  • betra integreringa av flyktningar gjennom arbeid, rimelege bustadar og meiningsfull fritid

  • sørga for eitt konkurransedyktig nivå på kommunale avgifter

Nyskaping    

Luster Arbeidarparti vil at Luster skal vera ein moderne, nyskapande, effektiv og sørvisvennleg kommune. Me vil vera pådrivar for fornying i kommunen, og me vil ha dei tilsette med som aktive medspelarar.

Luster kommune skal ha tenester av god kvalitet. Innbyggjarane skal sjølve vera med og forma tenestene dei brukar. 

Luster Arbeidarparti vil

  • støtta opp om lokale arrangement i regi av frivillige organisasjonar. 

  • auka satsinga på IKT og digitale tenester 

  • jobba for å utvikla eit regionalt interkommunalt IKT-selskap 

  • jobba for utbygging av fibernett og høghastigheits mobilnett (5g) til alle innbyggjarar og næringslivet i kommunen

  • revitalisera arbeidet med kommuneplanar og ha meir medverknad frå innbyggjarane, næringslivet og ungdommen spesielt

  • gjennomføra innbyggjarundersøking for å kartlegga inntrykket innbyggjarane har av kommunen

  • jobba for betre informasjon til innbyggjarar og besøkande i kommunen (informasjonsteknologi)

Samferdsle

Luster Arbeidarparti vil styrka arbeidet for betre og tryggare vegar. Det er viktig både for å førebyggja ulukker og for å sikra innbyggjarar i alle delar av kommunen god tilgang til velferds- og sørvistenester. Trygge og gode vegar er ein føresetnad for utvikling av næringsliv og turisme. Samferdsle- og samfunnsutvikling heng nøye saman. 

Luster Arbeidarparti vil

  • jobba for raske og gode pendlarruter til og frå Gaupne, Sogndal og Leikanger, og internt i kommunen, om morgon og ettermiddag

  • fortsetja å arbeida for opprusting av fylkesveg 55 gjennom kommunen, med strekninga Nes–Fortun som førsteprioritet

  • vera pådrivar for å halda fram, og om mogeleg forsera, rassikringsarbeidet på fylkesvegane 

  • vera pådrivar for regional samferdsleutvikling, særleg med tanke på god vegstandard og godt vegvedlikehald, utvikling av flyplassen i Sogndal og eit godt ferjetilbod

  • sjå utviklinga av gang- og sykkelvegar i samband med trafikktrygging og folkehelsearbeid. Me vil arbeida for fleire og meir samanhengande gang- og sykkelstiar som t.d. rundt Hafslovatnet, Gaupne-Sogndal, Krekane–Gjerde–Breheimsenteret med bru over Jostedøla, Skjolden-Vassbakken og langs Engjadalselva

  • jobba for gatelys, som trafikktryggingstiltak, til nye område 

  • arbeida for betre tilrettelegging for turistar ved betre skilting og styrking av Sognefjellsvegen som turistveg

  • auka skogrydding langs vegane for å auka trafikktryggleiken

  • skunda på for trygge og tenlege trafikkløysingar i Gaupne og Galden. Hovudsakleg kryssløysingar på fv. 55

  • arbeida for at dei gruppene som ikkje sjølve kan køyra bil, skal ha eit tenleg transporttilbod gjennom gode bussruter, sørvisskyss og tilrettelagt transport for ungdom og rørslehemma

  • at kommunen skal overta kaien i Solvorn og arbeida for å oppretthalda ferjesambandet Urnes–Solvorn

  • ha ein moglegheitsstudie eller liknande for Sognefjellstunnellane