Valprogram 2015–2019

Valprogram 2015–2019

------------------------------------------------------------------

Valprogram 2015–2019

Luster Arbeidarparti

Kortversjon av valprogrammet 2015-2019 (pdf)

Valprogrammet som nedlastbar fil (docx)

Fellesskap

Gode velferdstilbod og godt nærmiljø for alle er viktigare enn skattelette til dei rike. Politikken til Arbeidarpartiet er tufta på solidaritet. "Gjer din plikt, krev din rett", sa Einar Gerhardsen, og det står seg like godt under leiinga til Jonas Gahr Støre.

Folk er engasjerte i nærmiljøet, velforeininga, ballbingen, idrettslaget, konserten i nærmiljøet, barnehagen, skulen og omsorgsbustaden – alt dette handlar om politiske prioriteringar.

Det er viktig å sjå samanhengen mellom nasjonal politikk, prioriteringar av skattelette eller velferd, og kva lokalpolitikken betyr i kvardagen din.

Luster kommune er ein svært god kommune å bu i. Solberg-regjeringa jobbar for kommunesamanslåingar ved bruk av tvang. Luster Ap vil jobba hardt for at Luster også i framtida skal vera ein sjølvstendig og sterk kommune. Eit godt desentralisert tilbod til innbyggjarane er det viktigaste, og me trur det vert svekka i ein eventuell storkommune.

Det viktigaste dei neste fire åra

Sikra eit godt desentralisert tilbod med god kvalitet i barnehage, skule og helse- og omsorgstenesta.

Politikk handlar alltid om prioriteringar, også i Luster. Arbeidarpartiet vil alltid prioritera velferdstilboda til borna, ungdomen og dei eldre.

Satsa meir på førebyggjande arbeid. Det skal vera ein raud tråd for å sikra gode oppvekstvilkår for born og unge. Mange i alle aldersgrupper, har redusert livskvalitet på grunn av sviktande helse, rusproblem og psykiske problem. Det er både godt for den einskilde og god samfunnsøkonomi å satsa på førebyggjande tiltak i staden for å reparera.

Luster kommune er ein stor arbeidsgjevar med over 600 tilsette. Arbeidarpartiet vil styrka arbeidsgjevarpolitikken til kommunen. Politikarane må engasjera seg sterkare som overordna arbeidsgjevar. Samhandling med organisasjonane er svært viktig for å utvikla kommunen som arbeidsplass og dei viktige tenestetilboda kommunen har ansvaret for.

Kommunen må til ei kvar tid tilby ledige tomter og bustader som dekkjer ulike behov, og me må særleg prioritera Gaupne og Hafslo. Dette er, saman med samferdsle og breibandsutbygging, avgjerande for næringsutvikling i og tilflytting til Luster.

Born og unge

Luster Arbeidarparti vil dei neste fire åra prioritera tiltak for trygge og gode oppvekstvilkår for born og unge. Dei er framtida til Luster, og ein god start i livet er svært viktig for eit godt vaksenliv. Det er også viktig å gje born og unge mot til å stå imot gruppepress og gje dei tryggleik til å ta eigne val. Heimen er den viktigaste staden for utvikling, men høg kvalitet i barnehage og skule, samt gode fritidstilbod, er avgjerande for mange.

Luster Arbeidarparti vil

•leggja til rette for gode oppvekstvilkår og utvikle gode fritidstilbod for alle born og unge

•støtta opp om motorsportssenter på Leirmoøygarden

•styrkja ungdomsklubbane i kommunen

•setja av tid og ressursar til å prioritera det førebyggjande arbeid på helsestasjonen

•nytta årlege spørjegranskingar i 9. klasse, med vekt på fritidsaktivitetar, nettspel og rus i det førebyggjande arbeidet

•oppretta eit felles rabattsystem for til dømes Lustrabadet, Sogn Skisenter og treningssentra. Dette skal stimulera til fysisk aktivitet blant alle unge

Oppvekst og opplæring

Me vil halda på ein god, barnehage– og skulestruktur i Luster. Skule og barnehage skal framleis ha høg kvalitet, gode opplæringsresultat, og alle elevane skal ha like føresetnadar og moglegheiter til å følgje med i samfunnsutviklinga. Dei tilsette i kommunen gjer ein god jobb. Me investerer i oppvekst og opplæring ved å leggja til rette for kompetanseheving og gode arbeidsvilkår for dei tilsette i skule og barnehage. Tidleg innsats ved å ha mange pedagogar frå null til ti år er viktig. Luster Arbeidarparti vil gje dei tilsette meir tid til å vere lærarar, framfor å bruka tid på administrasjon og rapportering.

Læring og meistring i ung alder er viktig for eit godt vaksenliv. Fysisk aktivitet heng nært saman med psykisk og fysisk helse, og me vil leggja til rette for meir ”smugmosjon” i kvardagen. Luster har mange gode aktørar på folkehelse og førebygging, og dei vil me samarbeida nært med.

Luster Arbeidarparti vil

•gje lærarar og barnehagelærarar tid til å vera pedagogar

•utvida kompetanse og stilling til førebygging av psykisk helse, t.d. miljøterapeut og helsesøster i skule og barnehage

•ha fleire opptak i barnehagen

•stimulera til fysisk aktivitet

•motivera og leggja til rette for ”smugmosjon” i kvardagen til born og unge

•leggja til rette for å tilsetja faglærarar i kroppsøving og mat og helse

•arrangera mat- og kosthaldskurs for hybelungdom

•støtta opp om eit sunt kosthald i skule og barnehage, t.d. frukt og grønt, sunn kantine, og pedagogiske opplegg for å auka bruken av fisk og sjømat i kosthaldet til borna («Fiskesprell»)

•samarbeida med tillitsvalde for å få fleire lærlingplassar og betre oppfølging av lærlingane

•leggja til rette for sosiale møteplassar for born og unge, t.d. aktivitetsparkar og rusfrie arrangement i lokalmiljøa

•sikra trygge oppvekstvilkår, t.d. gang- og sykkelvegar, nedsett fart rundt skule og barnehage

•sikra at Luster kommune er langt framme på IKT i skule og barnehage

Kultur og fritid

Eit variert og innhaldsrikt kulturtilbod er viktig for trivsel og livskvalitet. Dugnadsånd og friviljug arbeid er avgjerande for gode fritidsaktivitetar. Luster Arbeidarparti vil satsa på viktige felles anlegg som Lustrabadet og Sogn Skisenter, samstundes som me vil sikra at alle bygdene har gode lågterskeltilbod. Desentraliserte kultur- og fritidstilbod er viktige for at flest mogleg får delta. Me vil prioritera lågterskeltilbod innan idretten for å aktivisera breitt.

Luster Arbeidarparti vil

•sikra drifta av Lustrabadet og Sogn Skisenter som viktige felles anlegg

•sikra at alle bygdene har tilfredstillande lågterskeltilbod innan idrett. Sikra drifta, inkludert badetilboda, på Fjordstova og i Jostedal Samfunnshus.

•sikra fri bruk av alle kommunale bygg for lag og organisasjonar

•oppretta kommunal kulturskule basert på tradisjonen og kulturarven vår

•betra tilskotsordningane til lag- og organisasjonar, med særleg vekt på aktivtitetar for born og unge.

•styrka Den kulturelle skulesekken, Den kulturelle spaserstokken og liknande tilbod

•jobba vidare med planane om kunstgrasbane med undervarme i Gaupne

•jobba for utviding av samfunnssalen på Hafslo og fleirbrukshus i Parken

•ta vare på den kyrkjelege kulturarven vår

Arbeidsgjevarrolla

Politikarane må styrka rolla dei har som overordna arbeidsgjevar for dei 600 tilsette i kommunen. God samhandling med organisasjonane, god og rettferdig personalpolitikk og velfungerande og inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) er avgjerande for utviklinga av gode velferdstilbod. Dei tilsette sit på viktig kompetanse som me i større grad må nytta i utforminga av politikken, m.a. i omstillingsarbeid.

Nasjonale analysar syner eit stort rekrutteringsbehov for arbeidstakarar innan helse, omsorg og skuleverket. Me vil ha eigne rekrutteringsprogram for å vera i forkant av utfordringane.

Luster Arbeidarparti vil

•styrka tillitsvaldrolla og invitera tillitsvalde til ulike temasamlingar ilag med politikarane i kommunestyret

•styrka den unike trepartsmodellen tillitsvald - politisk nivå - arbeidsgjevar

•etablera gode, dynamiske møteplassar mellom tillitsvalde og leiinga for å utvikla medråderett i praksis

•betra det personalpolitiske arbeidet i Luster kommune, særleg seniorpolitikken

•IA-avtalen må følgjast godt opp i praktisk arbeid, t.d. i oppfølginga av sjukmelde

•gje rett til heile stillingar i alle stillingskategoriar

•som hovudregel lysa ut alle stillingar i Luster kommune eksternt

•utarbeida ein god lokalpolitisk lønnsplan

•jobba særleg for å rekruttera gode einingsleiarar

•gje tid til og løna kompetanse og etterutdanning, rekruttera – behalda – auka kompetansen

•vera pådrivar, motivator og vaktbikkje for oppfølging av sentrale føringar

•hjelpa nytilsette som flyttar til kommunen å finna høvelege husvære

•få på plass att retten til mammografipermisjon med løn

•få på plass att tilskot til fysisk aktivitet

•jobba for at lærarane framleis skal ha ein fleksibel arbeidstidsavtale, som er tilpassa dei særeigne utfordringane i yrket

Ein skapande kommune

Trygge og attraktive arbeidsplassar er avgjerande for framleis positiv utvikling for Luster kommune. Luster skal vera ein aktiv utviklingsaktør og tilretteleggar. Me vil bruka næringsfondet aktivt til å vidareutvikla og etablera nye arbeidsplassar. Kommunen må stimulera sterkt til vekst innan tradisjonelle næringar, nyskapande tiltak og innovasjon. Det er viktig å samhandla endå sterkare med nabokommunane for å utvikla sogneregionen som ein felles arbeidsmarknad. Luster kommune skal ha særleg god kontakt med næringsaktørar i reiselivet og ta ansvar for å vidareutvikla Luster som eit heilårs turistmål.

Luster Arbeidarparti vil

•bidra til at det blir fleire lærlingplassar i Luster og vidareføra støtta til sysselsetjingstilbod for ungdom

•styrka næringsapparatet i Luster, og utreda om næringsapparatet i indre Sogn bør vera organisert som eit interkommunalt selskap

•bidra til at Sogndal vidaregåande skule har eit opplæringstilbod som er tilpassa behova i Luster og dei andre sognekommunane

•arbeida for å utvikla fleire arbeidsplassar både i kommunen og i heile Indre Sogn

•prioritera nyskapingar, unge etablerarar og gründerverksemder

•arbeida for sysselsetjingstilbod på sosialt grunnlag

•krevja at interkommunale og nye regionale arbeidsplassar også vert plasserte i Luster kommune

•støtta utvikling av ei heilårs berekraftig reiselivsnæring, som gir auka verdiskaping og auke i tal gjestedøgn

•støtta opp om næringsutvikling i samband med verneområda i kommunen

•regulera og leggja til rette areal for næringsaktivitet – der næringslivet ønskjer dette

Landbruket i utvikling

Luster er ein stor landbrukskommune. Det er viktig å halda oppe drifta på gardsbruka for å sikra busetnad, lokal matproduksjon og for å halda kulturlandskapet i hevd. Me ynskjer at dei store naturressursane i Luster skal gje auka verdiskapning og livskraft i bygdene.

Nytenking og innovasjon er viktig for å sikra gode inntekter til garden i framtida. Me vil støtta utvikling av tilleggsnæringar i landbruket.

Luster Arbeidarparti vil

•tillata frådeling av større fritidseigedom til grunneigar, mot at resten av landbrukseigedomen vert lagt ut for sal

•halda på støtteordningane i landbruket, som tilskot til kjøp av mjølkekvote, vatningsanlegg, skogsvegar og tilskot til planlegging av driftsutviding

•leggja til rette for tilleggsnæringar ved å leggja ut fleire hyttetomter og spreidde næringsområde i ny arealplan

•arbeida for støtte til beitedyr for å halda på kulturlandskapet, spesielt innanfor verneområda

•stimulera til at fleire kan få overta gardsbruk og stramma inn praksisen med lange dispensasjonar ved eigarskifte

•ikkje tillata ynglande jerv i regionen og ta ut skadedyr raskt

•at frukt og bær framleis skal vera eit satsingsområde for Luster

•støtta opp om Lustramat, og satsa på kortreist og lokal mat

•jobba for å auka andelen i rentefrie lån til utbyggingar på gardsbruk frå 25 til 30 prosent

Helse, tryggleik og trivsel

Alle lustringar skal ha sjansen til å leva eit godt liv. Å førebyggja heller enn å reparera er bra for den einskilde og viktig for samfunnet. Førebygging skal vera ei rettesnor for alt arbeid innanfor helse, omsorg og tryggleik. Luster Arbeidarparti vil alltid prioritera tilgang til gode offentlege helse- og omsorgstilbod for alle.

Luster Arbeidarparti vil

•stø opp om at alle har eit meiningsfullt arbeid, og leggja til rette for dei som treng det

•etablera framtidsretta eldreomsorg, ved å satsa på velferdsteknologi og sikra at tilboda vert tilpassa behova til den einskilde

•gje eldre moglegheit til å bu heime lengst mogleg, og etablera aktivitetstilbod på dagtid for demente og eldre heimebuande

•sikra tilgang til sunn og næringsrik mat for alle lustringar i barnehage, skule og eldreomsorg, og arbeida for kosthaldsrådgjeving for dei som treng det.

•leggja til rette for meir smugmosjon for alle lustringar, ved å gjera lustranaturen meir tilgjengeleg, stø opp om stimerkingsprosjekt, og gjennom fysisk aktivitet på skule og arbeidsplass

•byggja fleire sykkelvegar

•stø vidareutvikling av Lustrabadet og arbeida for å etablera eit frisklivshus ved å samlokalisera badeanlegget og Luster treningssenter.

•betra integreringa av flyktningar gjennom arbeid, rimelege buforhold og meiningsfull fritid

•stø helsestasjonen og psykisk helseteam, slik at me kan hjelpa dei som slit med psykisk sjukdom, rus og livsstilssjukdommar når dei sjølve er motiverte for det

•oppretthalda Luster lensmannskontor og viktige politifunksjonar i sogneregionen

•stø opp om det førebyggjande arbeidet blant ungdom

•arbeida saman med politiet for å få til eit interkommunalt prøveprosjekt med «Ungdomskontrakt», for ungdom som debuterer med narkotika

•betra skjenke- og omsetningskontrollen av alkohol

•fylgja opp barnevernstiltaka og arbeida for å etablera ei interkommunal barnevernsvakt

Klima og miljø

Luster Arbeidarparti vil driva lokalpolitikk med klima og miljø i sentrum. Me vil ta vare på og forvalta det rike mangfaldet klokt for ettertida. Sjølv om klimaproblema er globale, må me handla lokalt for å redusera utsleppa.

Me meiner at Luster kommune må ha ambisiøse mål og vera ein pådrivar for fornybare energikjelder. Ny, energieffektiv teknologi må brukast der dette er mogleg.

Luster Arbeidarparti vil

•arbeida for eit betre kollektivtilbod i kommunen og regionen

•vidareutvikla og revidera miljøplanen i kommunen

•byggja fleire gang- og sykkelstiar og få ein samanhengande tursti rundt Hafslovatnet

•prioritera ny, energieffektiv teknologi i vedlikehald, drift, investeringar og nybygg

•etablera ladepunkt for el-bilar i Luster

•sikra allemannsretten

•gjera tiltak for å hindra utslepp av kloakk

•stoppa attgroinga i Hafslovatnet

•at Luster kommune vert sertifisert som Miljøfyrtårn og halda fram med Fairtrade-avtalen

•stoppa etableringa av rekreasjonsløyper for snøskuterkøyring som er uynskte av grunneigarar og lokalbefolkninga

•stimulera til lovleg avfallshandtering og ha sterkare og aktiv politisk styring av SIMAS

•vurdera subsidiering av klimatiltak i eigen heim

•støtta etablering av gjenbruksstasjonar rundt om i kommunen

•støtta arbeidet med å reetablere villreinstammen i Breheimen

Lustraidentitet – og utvikling av ein sterk sjølvstendig kommune

Luster Arbeidarparti meiner at Luster er best tent med å vera ein sjølvstendig kommune, på grunn av dei særeigne utfordringane med storleik, geografi og desentralisert struktur på velferdstilboda. Ein storkommune vil verta ein sterkare pådrivar for sentralisering og nedbygging av viktige lokale strukturar. Desentraliserte velferdstilbod, gode oppvekstvilkår og andre servicefunksjonar er det viktigaste i debatten om storkommunar. Luster Arbeidarparti vil fylgja nøye med på tiltak og utvikling som Solberg-regjeringa set i gang, og me vil ha ein aktiv politikk på dette området.

Luster Arbeidarparti vil

•arbeida for å styrka Luster kommune som ein sterk og god sjølvstendig kommune

•arbeida for at innbyggjarane skal få seia meininga si om ei eventuell kommunesamanslåing, gjennom ei folkerøysting i kommunal regi

•styrka den politiske kontrollen med interkommunalt arbeid

•stimulera til nynorskbruk

•at Luster kommune skal bestå, men samtidig delta aktivt i utgreiingsarbeidet i samband med kommunereforma

•styrka fellesskapskjensla og lustraidentiteten gjennom auka satsing på kommunal kulturskule, Den kulturelle skulesekken, Lustrabadet og Sogn Skisenter

Tilflytting og folketalsvekst

Det skal vera attraktivt å busetja seg i Luster kommune. Me har som mål å styrka arbeidet med å auka tilflyttinga og å hindra fråflytting. Me skal marknadsføra moglegheitene for ei aktiv og meiningsfylt fritid betre.

Me må arbeida meir for å styrka Luster, Sogndal og Leikanger som felles bu- og arbeidsområde. Det å ha ein stad å bu er grunnleggande for å ha eit godt liv. Alle skal ha sjansen til å skaffa seg eigen bustad.

Luster Arbeidarparti vil

•til ei kvar tid ha ledige bustadtomtar ved å leggja ut nye og varierte tomtar over heile kommunen. Tomteprisane må vera attraktive for i endå større grad å vera eit alternativ til busetjing i Sogndal og Leikanger

•skapa attraktive bumiljø ved å utvikla kommunesenteret og bygdelaga i kommunen

•gjennomføre vedtekne planar og satsa på sentrumsutvikling i kommunesenteret og bygdelaga med kommunen som aktiv aktør

•gje støtte til aktivitetar og fleire sosiale møteplassar rundt om i Luster

•bidra til å fornya noko av den kommunale bustadmassen tilpassa dagens behov

•ha bustadar av ulik storleik i kommunesenteret og bygdelaga

•byggja kommunale utleigebustadar for unge fleire stadar i kommunen

•arbeida for at tilgang til barnehage ikkje vert til hinder for rekruttering og tilflytting

Ein moderne og nyskapande kommune

Luster Arbeidarparti vil at Luster skal vera ein moderne, nyskapande, effektiv og sørvisvennleg kommune. Me vil vera pådrivar for fornying i kommunen, og me vil ha dei tilsette med som aktive medspelarar i arbeidet.

Luster kommune skal ha tenester av god kvalitet. Innbyggjarane skal sjølve vera med og utforma tenestene dei brukar. Me seier nei til konkurranseutsetting og privatisering av grunnleggjande offentlege tenester.

Luster Arbeidarparti vil

•fornya Luster kommune ved

-å tilby betre kvalitet på tenestene

-auka tilgjengelegheit

-meir brukartilpassing

-kortare sakshandsamingstid

•invitera innbyggjarar og utflyttarar til ein årleg «Lustradag»

•etablera ein årleg konferanse for innbyggjarane og næringslivet – «Lustrakonferansen»

•ta i bruk digital utsending av brevpost

•ha videooverføring av kommunestyremøta på internett

•auka satsinga på IKT og digitale tenester

•jobba for utbygging av fibernett og høghastigheits mobilnett til alle bygdelag i kommunen

•oppretta interaktive informasjonstavler som framsnakkar det som skjer i Luster

Samferdsle

Luster Arbeidarparti vil styrka arbeidet for betre og tryggare vegar. Det er viktig både for å førebyggja ulukker og for å sikra innbyggjarar i alle delar av kommunen god tilgang til velferds- og servicetenester. Trygge og gode vegar er ein føresetnad for utvikling av næringsliv og turisme. Samferdsle- og samfunnsutvikling heng nøye saman.

Luster Arbeidarparti vil

•arbeida for opprusting av fylkesveg 55 gjennom kommunen, med strekninga Nes–Luster som førsteprioritet

•vera pådrivar for å halda fram, og om mogeleg forsera, rassikringsarbeidet både på fylkesvegane og riksvegane

•arbeida for at Røneidstunellen får høg prioritet i arbeidet fylkeskommunen gjer med opprusting av fylkesvegtunellane

•vera pådrivar for regional samferdsleutvikling, særleg med tanke på god vegstandard og godt vegvedlikehald, utvikling av flyplassen og eit godt ferjetilbod

•sjå utviklinga av gang- og sykkelvegar i samband med trafikktrygging og folkehelsearbeid. Me vil samstundes arbeida for fleire og meir samanhengande strekkjer av gang- og sykkelvegar, som t.d. Buene–Moane, Marifjøra–Gaupne og Krekane–Gjerde med bru ved Espe

•leggja til rette for fleire, samanhengande gang- og sykkelstiar, som t.d. rundt Hafslovatnet og langs Engjadalselva

•arbeida for betre tilrettelegging for turistar ved betre skilting og styrking av Sognefjellsvegen som turistveg

•auka skogrydding langs vegane for å auka trafikktryggleiken

•skunda på for tenlege trafikkløysingar i Gaupne, hovudsakleg kryssløysinga på fv. 55 og opprusting av nordre del av Øyagata og Gamlebrua

•arbeida for at dei gruppene som ikkje sjølve kan køyra bil, kan ha eit tenleg transporttilbod gjennom gode bussruter, serviceskyss, og tilrettelagt transport for ungdom og rørslehemma

•arbeida for å oppretthalda ferjesambandet Urnes–Solvorn

•halda fram arbeidet for å realisert Sognefjellstunellane

•arbeida for fartsreduserande tiltak mellom Dale kyrkje og oppvekstsenteret 

Vedlegg 1

Er du enig med Luster Arbeidarparti om Valprogram 2015–2019?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker