Innlegg i Sogn Avis 9. september: Legevakta i Luster – verd å kjempa for

Den gode legevakttenesta vår er truga. Ein kombinasjon av nye sentrale krav og litt uheldige lokale omstende gjer at rådmannen såg seg nøydd til å presentera eit slikt trugsmål for meir eller mindre overraska formannskapsmedlemar i sist møte.

original_1478639913_3829923

Legevakta i Luster vert av dei aller fleste lustringar oppfatta som god, trygg og nær brukarane. Den har kort responstid, lite ventetid og flinke fagfolk med stor tillit i nærmiljøet. Dei nye akuttsengene og korttids- og rehabiliteringsavdelinga vår er også avhengig av ei god og nær legevaktteneste, ei teneste som no på nytt står i fare for å bli flytta ut av kommunen.

At nye krav frå sentralt hald trugar dei lokale tenestene våre er knapt noko nyhende for oss som bur i distrikta. Det er heller ikkje påstanden om at dei viktigaste velferdstenestene våre vert betre, billigare og meir «robuste» dess lengre bort frå oss dei vert plassert. Me trur at rådmannen i Luster har heilt rett i sin refleksjon over at ei flytting ut av kommunen neppe vil føra til innsparingar, all erfaring tilseier det. Og det vil sjølvsagt vera uråd å yta ei så mykje betre teneste for lustringar frå ei legevaktteneste plassert utanfor kommune, at det veg opp for dobla eller mangedobla reiseavstand.

Me har kjempa politisk for ei god og nær legevaktteneste i Luster fleire gonger tidlegare, og denne kampen vil me føra på vegne av innbyggjarane våre så lenge det er nødvendig.

Odd Atle Stegegjerdet

4. kandidat for Luster Arbeidarparti