Eit alternativ til Kvalen i Luster?

Som innbyggjar og kommunepolitikar i Luster er eg stolt av kommunen min. Me leverer på eller over gjennomsnittet på dei aller fleste tenesteområde. Då er spørsmålet om det berre har vore solskin i politikken også, eller er det noko som har blitt til det dårlegare i Luster dei siste fire åra? Som einaste opposisjonsparti har Arbeidarpartiet ofte vore samd med storkoalisjonen beståande av Høgre, Venstre, FRP, KRF og Senterpartiet med Kvalen og Sandvik i spissen. Enkeltsakene bør derimot avgjera om du stemmer for eit alternativ til Kvalen-koalisjonen i år.

#skulefrukt. Regjeringa fjerna tilskotet til skulefrukt. Det kosta kommunen knappe 350 000 kroner å halda fram med å gje alle lustraelevane dette viktige mellommåltidet. AP stemde for å halda på skulefrukta, ordføraren og dei styrande i Luster stemde i mot. Frukta vart fjerna. No høyrer me døme på at skular har gjeninnført frukta, mot foreldrebetaling. Ei røyst til AP er ei røyst til at skulefrukta igjen skal bli eit gode som alle elevane i lustraskulen kan dra nytte av, uavhengig av foreldra si lommebok.

#kulturskulen. Mange foreldre og elevar har lenge vore kritiske til tilbodet lustringane får i Sogn kulturskule. Fleire av dei styrande i Luster har ytra same misnøya. Men då det var tid for å røysta over kor vidt ein skulle vurdere å opprette eigen kommunal kulturskule att, var det berre Arbeiderpartiet som stemde for. Ei røyst til AP er ei røyst til å ta kommunal styring over ivaretaking av den musikalske kulturarven vår og fostra nye musikalske talent, ikkje berre prate om det.

#opningstida i barnehagen. Ein gjennomgang av partiprogramma til dei styrande i Luster viser at fleire delar Arbeiderpartiet sitt syn på at større fleksibilitet tenar både barn og foreldre. Arbeiderpartiet er derimot det einaste partiet som faktisk har teke til orde i kommunestyre for auka opningstid i barnehagen. Ei røyst til AP er ei røyst til å ynskja alle familiar hjarteleg velkomne til ein kommune med litt større fleksibilitet - også om du arbeider skift, er einsleg, ikkje har besteforeldre i nærleiken eller må ta buss til jobb eller norskundervisning i Sogndal.

#einebustadtomter. I dei siste fire åra har Arbeiderpartiet måtte tola kjeft både når ein fremjar benkeframlegg og når ein ikkje har gjort det. Felles for begge har likevel vore at det har vore fånyttes. I solid mindretal har me likevel nytta høva til å etterlyse satsing på kommunale einebustadtomter over heile kommunen, også i Gaupne. Jon Ove Lomheim frå Venstre signaliserte nyleg i Sogn Avis at denslags utspel ikkje har gjort inntrykk på ein politisk veteran som han. Og at i Gaupne er jordvernet viktigast - småbarnsfamiliar som vil flytta til kommunesenteret, får finna seg i å bu i leilegheit eller rekkehus. Arbeiderpartiet har større ambisjonar, og vil jobba for å tilby eit mangfald av boligar, også i Gaupne. Ei røyst til AP er ei røyst til å ta naudsynte grep for å sikra tilflyttinga til kommunen, uansett kvar du vil bu.

Skal ein ta oppsummeringa frå partileiarane på alvor, slik me nyleg såg dei i Sogn Avis, kan det sjå ut som Kvalen og Sandvik allereie har stilt seg opp ved roret og saman staka ut kursen for neste periode. Saman med eitt eller fleire av dagens støtteparti, vil dei halda fram med å skapa felles politikk frå sak til sak, gjerne i gruppemøte nokre timar før saka skal avgjerast i kommunestyre. Men kven skal halda lovnaden sin til veljarane når ordføraren lovar å oppretthalda grendaskulane, mens varaordførar Sandvik seier til Valgomaten i Dagens Næringsliv at det største problemet i Luster er alle dei desentraliserte tenestene våre? Kven skal vinna fram når Høgre og FRP ikkje har teke stilling til spørsmålet om kommunesamanslåing, mens Senterpartiet hevdar dei er klart i mot? I gruppemøtet der det skal avgjerast, er du som veljar diverre ikkje med.

Kjem regjeringa med pisken og tvingar oss til sentralisering og samanslåing, er eg ikkje i tvil om kven eg ynskjer som forhandlingsleiar. Arne Johannessen har allereie vist at han evnar å setja saker og Luster på regional og nasjonal dagsorden.

Ei røyst til Arbeiderpartiet er ei røyst til det partiprogrammet me har forplikta oss på ovanfor deg som veljar. Finn du saker der du brenn for - stem gjerne Arbeiderpartiet i Luster den 14. september.

Anette Stegegjerdet Norberg

12. kandidat, Luster Arbeiderparti