Bygg Vikafjellstunellen no!

Innlegg av Odd Atle Stegegjerdet, Luster Arbeidarparti. 8. kandidat for Sogn og Fjordane Ap og Hilmar Høl, Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti Sogn og FjordaneArbeidarparti og Vik Arbeidarparti går samstemt inn for at Vikafjellstunellen vert bygd snarast råd er. Vik Arbeidarparti har jobba for opprusting av dette viktige vegsambandet gjennom fleire tiår, og er svært glad for at sambandet no er inne i Nasjonal Transportplan NTP.

original_1478643347_4426441

Sogn og Fjordane Arbeidarparti har følgt opp saka og m.a. bidrege til at Fylkestinget ved handsaminga av NTP i juni 2012 gjorde vedtak om ein uttale der ein krov vegsambandet prioritert i første del av komande NTP-periode.

Ved den nasjonale handsaminga vart vegprosjektet teke inn i NTP, men då i siste halvdel av NTP-perioden. Den raudgrøne regjeringa la også til rette for at det kom på plass ei startløyving i tråd med dette.

I stortingsvalkampen 2013 dreiv dei blå partia rein overbodspolitikk og lova at Vikafjellstunellen skulle bli flytta fram til første halvdel av NTP-perioden så snart dei kom til makta. Stortingsperioden er allereie halvgått og valløfta ser ut til å vera gløymde. Det står ikkje til truande at ein mørkeblå regjering, som greier sanka stemmer til å senda våre borgarar til soning i dyrkjøpte soningsplassar i utlandet, ikkje skal greia å sanka støtte til oppstart av eit så viktig vegprosjekt som RV 13 gjennom Vikafjellet.

Me vil følgja saka tett og arbeida for at Vikafjellstunellen vert prioritert ved dei viktige milepælane framover.

Bruk stemmeretten din 14.september, og stem på eit parti som føl opp vallovnadane sine.

Stem Arbeidarpartiet!

Hilmar Høl

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Odd Atle Stegegjerdet

 8. kandidat for Sogn og Fjordane