Representant

Anette Stegegjerdet Norberg

| Gaupne | f. 1986 | kommunestyret 19-23 | 7. kandidat 23-27 |

Anette Stegegjerdet Norberg

Bli bedre kjent med Anette Stegegjerdet Norberg:

Anette er 36 år og lukkeleg attendeflyttar til kommunen saman med mannen Jon Arne, døtrene Olina (7,5 år) og Sanna (3,5 år) samt katten Mini-Mons. Anette jobbar for tida som advokat i Vestland fylkeskommune. 

Anette har vore kommunestyremedlem i fire periodar etter at ho kom inn som ungdomskandidat i 2007. Ho har hatt forskjellige verv i Luster Ap, i fylkespartiet og har møtt som vararepresentant på Stortinget. Ho har også styreverv i Luster Sparebank og i Sogn Brann - og Redning. Tida brukt på lokaldemokratiet har vore ufatteleg spennande, lærerik, frustrerande - men mest kjekk - heile vegen. Ho hevdar hardnakka at det er Arbeiderpartiet - frå opposisjon - som har sikra brorparten av utbygginga av velferda i Luster i siste kommunestyreperiode. Ho stiller "på att" på ei liste som Luster Arbeiderparti har spekka med gode kandidatar, toppa med ei dame av heil ved og meinar veljarane må avgjere om ho framleis har noko å bidra med i kommunestyret. 

Anette vil at Luster skal vera ein god plass å veksa opp, der det er plass til alle. Ho brenn for at Luster skal vera ein JA-kommune, som skil seg ut, har ambisjonar, opne armar, tiltakslyst, som tenkjer utanfor "boksen" og som kan tilby det folk treng for å busetja seg her. Ho meinar kommunen må prioritera dei yngste innbyggjarane fyrst, og vil at alle elevane i lustraskulen skal trivast, oppleva meistring og få byggja sine evner, uavhengig av foreldra sin bakgrunn. Me må sikra at kommunen stiller opp for dei barna som fell utanfor. Ein av kampsakene hennar er skulemåltid for alle elevar og lekser kun som øving og førebuing. Ho er elles oppteken av det kommunale legevaktstilbodet, nytt helse - og omsorgssenter, heiar på alle folkehelsetiltak og meinar det hastar å prioritera rekruttering til kommunale stillingar, over heile fjøla.      

Anette trivst elles best i kvantitetstid med familien sin eller i relativt anstrengjande fysisk aktivitet, gjerne saman med kundane på Friskhuset, joggande eller på ski i lustranaturen.