Representant

Gunn Beate Thorsnes Lefdal

| Gaupne | f. 1968 | 1. kandidat 23-27 |

Gunn Beate Thorsnes Lefdal

Når eg blir ordførar i Luster, lovar eg å være ordførar for absolutt alle!

Me er ein flott kommune med mykje å vera stolte over, Luster er ein god kommune å bu i.

Luster sin identitet skal være tufta på alle dei gode og viktige verdiane kvar og ein har med seg frå sine bygder og grender.

Med entusiasme, respekt og klokskap skal me saman ta vare på det Luster har av ressursar og tilbod, utvikle Luster til ein trygg og framtidsretta plass å leva gode liv i takt med samfunnet sine krav. Mangfald og utvikling, saman med tradisjonar og tryggleik, skapar gode bygder og møteplassar.

Mi dør skal være open, og eg vil være ute der folk er, lytta, snakka med store og små, den beste utviklinga skjer i møtet mellom menneske, ikkje i lukka fora for dei få. Eg ynskjer eit samfunn der skilnadene er små, der alle skal ha likeverdige moglegheiter uansett kven ein er og kva/kor ein kjem frå.

Meir enn einskildsaker er eg oppteken av heilskapen. Som sosialdemokrat vil likevel eit seriøst arbeidsliv, ein god fellesskule og gode kommunale tenester for eldre og svakare stilte vera viktig. Sikre sterke velferdstenester for alle.

Ein god kommune er ein open kommune. Eg trur på samarbeid, praktisk og løysingsorientert politikk. Eg trur me løyser dei ulike oppgåvene best i fellesskap, der me har respekt og tillit til kvarandre.

Dei fleste lokalpolitikarar gjev mykje av fritida si for å skapa eit betre samfunn. Eg er stolt av det mannskapet eg har fått med meg på lista vår, dei er viktige lyttepostar og bodberarar. Bruk oss!

Klima, miljø og folkehelse skal prioriterast i alt arbeid i Luster kommune.

Tryggheit i fellesskap

Godt val, gode Lustringar!