Kasserer

Svein Tore Heltne

| Luster | f. 1975 | 3. kandidat 23-27 |

Svein Tore Heltne

Bli bedre kjent med Svein Tore Heltne:

Svein Tore Heltne er 47 år, bur i Luster med kone og to delvis utflytta born. 

Svein Tore er utdanna institusjonskokk og jobbar som kjøkkensjef i Luster kommune der han og for tida har vervet som hovudverneombod. 

Svein Tore er oppteken av at både born, ungdom, og vaksne skal bu og vekse opp i eit trygt og godt lokalsamfunn der alle har like moglegheita til å leva eit fullverdig liv, med gode fritidstilbod, gode offentlege tenester, og eit trygt og sikkert arbeidsliv. Derfor har Svein Tore i mange år hatt ulike verv innafor idrett, politikk, og fagrørsla. 

På fritida er han fortsatt glad i å spela fotball, og nyttar mang ein kveld på fjellet med fiskestonga når anledninga er der. 

Lista over frivillige verv Svein Tore har for tida, seier noko om samfunnsengasjementet.  Leiar i Luster idrettslag, nestleiar Luster idrettsråd , styremedlem/kasserer i Luster AP, leiar i Luster arbeidarlag,         leiar i Fagforbundet Luster,  Seksjonsleiar helse og sosial i Fagforbundet Luster,  Styremedlem i fylkesstyret i Fagforbundet Vestland,  Styremedlem i fylkesstyret seksjon helse og sosial i Fagforbundet Vestland, Leiar i Luster Grunneigarlag,  Styremedlem i Lustrafjorden kameraklubb.