Leder

Odd Atle Stegegjerdet

| Gaupne | f. 1958 | 18. kandidat 23-27 |

Odd Atle Stegegjerdet

Bli bedre kjent med Odd Atle Stegegjerdet:

Odd Atle er gift med Bjørg, har to born og fire borneborn, og bur i Gaupne. Han er byggmeistar av bakgrunn, og likar å sysle med det som er praktisk. Odd Atle har vore leiar ved ATS, eit tilrettelagt arbeidstilbod, i mange år, og han jobbar utretteleg for dei som høyrer til her, og for å utvikle ATS som arbeidsplass.

Odd Atle stiller til val for Arbeidarpartiet til kommunestyre og fylkesting. Dette gjer han fordi han har trua på AP sine løysingar på både dei små og dei store sakene i samfunnet vårt. Han meiner at det skal vera godt å bu i heile landet, at alle skal med og at alle skal ha høve til gode liv uavhengig av kva livs- og familiesituasjon ein er fødd inn i.

Han har lang fartstid frå politisk arbeid både lokalt og regionalt. I dag er han leiar i Luster Arbeidarparti og 1.vara til styret i Vestland. Gjennom over 30 år i politisk teneste har han hatt ulike rollar i lokallag, kommuneparti og fylkesparti, samt kommunestyre og fylkesting. I tillegg har han hatt viktige verv i frivillige organisasjonar som Parken, IL Bjørn og Gaupne Båtlag, og han var den fyrste styreleiaren i Lustrabadet KF. Han tek framleis barnebarna med på bading so ofte han kan.

Odd Atle brukar mykje tid på politisk og frivillig arbeid. I tillegg likar han å jobba med eigne prosjekt, og er snar med å trø til om familie og vener treng bistand til diverse byggjeprosjekt.