Styremedlem

Synne Nes Veum

| Indre Hafslo | f. 1998 | 9. kandidat 23-27 |

Synne Nes Veum

Bli bedre kjent med Synne Nes Veum:

Synne er frå Gaupne, er no godt gift og busett på Indre Hafslo.

Ho jobbar ved politikammeret i Sogndal, og er eit blidt og viktig ansikt utad der. Ho er hovudtillitsvald for Parat i politiet avdeling Sogn og Fjordane.  

Synne har alltid vore aktiv på fritida, blant anna spelar ho fotball for Bjørn il, og kan trø til på bana der det er behov for ho. Ho er glad i familie, vener og friluftsliv

Synne er ny i politikken, men har likevel saker som ho brenn for. Ho er opptatt av å legge til rette for busetnad i kommunen vår, ved å hindre fråflytting og auka tilflyttinga. Synne ønskjer å rekruttere ny og rett arbeidskraft til kommunen og legge godt til rette for at dei som alt jobbar i kommunen blir verande. Vidare er ho oppteken av klimapolitikk, nyskaping og rett og nok kompetansen innan helse og omsorg.