Styremedlem

Kåre Hønsi

| Gaupne | f. 1971 | kommunestyret 19-23 | 5. kandidat 23-27 |

Kåre Hønsi

Bli bedre kjent med Kåre Hønsi:

Kåre er gift, har 4 born og bur i Gaupne. Han er fødd i 1971, og hadde oppveksten sin i Vik. Til dagleg har han sitt arbeid på Statkraft, men har og lagt ned mykje tid opp igjennom

frivillig arbeid i idrettslaget Bjørn, som fotballtrenar i 13 år.

Kåre er etter kvart ein erfaren politikar, og har sete i kommunestyret i inneverande periode. Han ønskjer seg ein periode til, der han som sosialdemokrat vil utgjere ein skilnad for folk. Ap sin politikk er med på å utgjere denne skilnaden for folk, og verdiar til Ap er dei beste til å styre etter, både lokalt og nasjonalt.

I lokalpolitikken er Kåre spesielt oppteken av gode ordningar som tek i vare alle grupper i samfunnet, særleg dei svakaste av oss. Han ivrar for klimapolitikk, og har lenge etterlyst konkrete tiltak i vår kommune som vil føre til reelle utsleppskutt slik at me kan vere med å bidra til at Noreg når sine klimamål – dette skuldar me vore born seier Kåre, og det har skjedd for lite til no!