Sekretær

Eirik Hoem

| Hafslo | f. 1979 | 30. kandidat 23-27 |

Eirik Hoem

Eirik er 44 år og bur på Hafslo med kone og tre døtre. Han jobbar til dagleg i Digitaliseringsdirektoratet på Leikanger som dataingeniør. Han er tilflyttar til Hafslo, men det kan ein ikkje merke på engasjementet han har for bygda og lokalpolitikken. Han har i fleire år vore leiar i Hafslo Arbeidarlag og er særleg oppteken av at born og unge skal ha gode oppvekstvilkår. Eirik brenn elles for stad – og sentrumsutvikling, og ser at det ligg mykje potensiale i bygdene våre. Han er også oppteken av næringsutvikling.

Eirik har ei rekkje verv i frivillige organisasjonar, særleg synleg har han vore som leiar i FAU ved Gamlestova barnehage, og engasjert i kvardagen der, og kampen for ny barnehage i Hafslo sentrum.